Velkommen til Fusa i farten 2013!

Seks vaksne turgåarar på eit svaberg ved ein fjord. Foto. - Klikk for stort bilete GROM Fusa i farten er eit helsefremjande tiltak for dei tilsette i Fusa kommune. I aksjonsvekene set vi ekstra fokus på å vera meir i fysisk aktivitet. I tillegg er det eit mål å skapa engasjement, motivasjon og samhald i einingane, og i Fusa kommune totalt.

Aksjonsperiode

  • frå og med veke 10 til og med veke 17.

Fram med stegteljaren!

I år skal stegteljaren på att, og målet er 10 000 steg for dagen! Einingane vert òg oppfordra til å laga til felles treningar og opplegg. Det er både sosialt og gjer gode utslag på stegteljaren. Vi brukar omrekningstabellen (PDF, 60 kB) frå i fjor + ein ny omrekningstabell for litt fleire aktivitetar (PDF, 94 kB). Det er òg opp til kvar eining å driva fram eit eventuelt konkurranseinstinkt på sin arbeidsplass.

 

Fellesarrangement

Det vert lagt opp til to fellesarrangement i aksjonsvekene - meir info kjem:

  • fellestur til Ådlandssetret
  • sandvolleyballturnering i Strandvik

Send gjerne inn Fusa i farten-bilete til heimesida!

Snarveg:

 

Publisert av Kristin Almås. Sist endra 10.04.2013
Fusa i farten 2013
(10.04.2013)

På grunn av det kalde vårvêret utset vi både fellesturen til Ådlandssetret og turneringa i sandvolleyball i Strandvik, melder folkehelsekoordinator Kristin Almås.

Informasjon om nye dagar og påmelding kjem etter kvart. Følg med! Send gjerne inn foto og rapportar frå Fusa i farten-aktivitetar rundt om på einingane!  

(03.04.2013)

På avdeling A/B ved Fusa bu- og behandlingssenter lagar dei til faste turdagar - ein kvar veke - så lenge Fusa i farten-perioden varer, melder hjelpepleiar Oddfrid T. Johnsen. Då går dei som vil vera med, på tur etter jobb. Sjå foto frå ein slik tur onsdag 20. mars i biletgalleriet ovanfor! 

(25.03.2013)

På Nore Fusa oppvekstsenter er dei i farten! Kvar onsdag etter skuletid i aksjonsperioden går lærarane rundt Tveita for å få opp farten og samla steg, melder einingsleiar Torill Os Ådland. Nokre SFO-barn har òg vore med. Sjå foto i biletgalleriet ovanfor. Triveleg og energiskapande! er meldinga frå Nore Fusa. Oppmodinga til andre skular og SFO er klar!

(05.03.2013)

Måndag 4. mars gjekk startskotet for årets Fusa i farten. I Kommunetunet vart det markert med felles trimøkt i Glasgato.

(26.02.2013)

Lurer du på kva som skal skje i Fusa i farten-vekene i vår? Les informasjonsbrevet (PDF, 388 kB) frå folkehelsekoordinator Kristin Almås! 

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30