Oppsummering av Fusa i farten 2012

Fusa i farten 2012 er over, og prosjektleiar Håvard Ragnhildstveit og folkehelsekoordinator Ellen Strøm Synnevåg oppsummerer årets utgåve (PDF, 204 kB).


Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Første gong publisert 19.06.2012
Fusa i farten 2012
(19.04.2012)

Strandvik oppvekstsenter og Fusa oppvekstsenter måtte avlysa aktiviteten i "si" veke tidlegare i vår pga sjukdom. No inviterer dei til vårleg sandvolleyballturnering i Strandvik torsdag 3. mai kl. 17. Sjå invitasjonen med påmeldingsslipp for lag (PDF, 150 kB)

(19.04.2012)

Nestsiste fellesaktivitet i Fusa i farten-regi i denne omgangen vert skipa til av Eikelandsosen skule og Jettegryto barnehage. Dei inviterer til ettermiddagstur til Vetlevardhaugen onsdag 25. april kl. 16.30. Sjå invitasjon. (PDF, 351 kB)

(16.04.2012)

Eining for barn, familie og velferd, eining rehabilitering og landbruk har ansvaret for Fusa i farten-aktiviteten i veke 16. Dei inviterer til spennande inntrykk, både i matvegen og på vandring langs Koldalselva torsdag 19. april. Sjå invitasjonen. (PDF, 96 kB)

(30.03.2012)

Søre Fusa oppvekstsenter inviterer til trivselsaktivitetar onsdag 11. april kl 16. Dei kan m.a. freista med speedminton, ogosport og Indiana Jones! Sjå fullstendig invitasjon (PDF, 114 kB).

(27.03.2012)

Heimetenesta inviterer alle kommunalt tilsette til kanonballturnering i gymsalen på Fusa ungdomsskule torsdag 29. mars kl. 16. Antrekk: Parykk. Sjå invitasjonen. (PDF, 54 kB)

(21.03.2012)

Fusa ungdomsskule og Nore Fusa oppvekstsenter har ansvar for fellesaktivitetar i veke 12. Dei inviterer til zumba i gymsalen på Fusa ungdomsskule med instruktør Laila Vangen onsdag 21.3. kl 15.30. Dei lovar frukt og forfriskingar! Den planlagde volleyballturneringa går ut pga for få påmelde. Sjå invitasjon (PDF, 363 kB).

(08.03.2012)

Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) inviterer til fellesaktivitetar for alle tilsette i Fusa kommune måndag 12. mars. Sjå fullstendig invitasjon. (PDF, 334 kB)

(27.02.2012)

Strandvik og Fusa oppvekstsenter inviterer til zumba i Fusa samfunnshus måndag 5. mars. Sjå innbyding. (PDF, 153 kB)

(21.02.2012)

Arrangementskomiteen på Kommunetunet ønskjer alle tilsette velkommen til aktivitetsdag på Bygdastølen tysdag 21. februar kl 16. Resten av veka inviterer dei til trim og isbading.

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30