2011 - skritteljing og arbeidsmiljøpris
Alle tilsette fekk skritteljarar i julegåve og i løpet av prosjektmånadene vinter og vår 2011 vart det gått over 200 millionar skritt (PDF, 297 kB). Eller to og ein halv gong rundt Ekvator! Fusa i farten førte til mykje aktivitet, og det verka svært positivt og samlande for heile kommuneorganisasjonen. Prosjektet fekk stor merksemd i media, både lokalt og på nasjonalt plan. Hausten 2011 vart Fusa kommune tildelt Arbeidsmiljøprisen for Hordaland.
Dei tilsette vart elles heidra med ein Fusa i farten-fest, der Are Kalvø var hyrt inn for å trimma lattermusklane. Og det greidde han!
2012 - fellesstunt og Lars Monsen
I år 2 av prosjektet vart einingane utfordra til å arrangera fellesarrangement for alle kommunalt tilsette. Sjå nedanfor. I tillegg til fysiske aktivitetar, var fokus også på andre faktorar som er viktige for god folkehelse og eit godt arbeidsmiljø, m.a. triveleg sosialt samvær og gode fellesmåltid.
Hausten 2012 fekk dei tilsette eit spennande og inspirerande lysbildekåseri med Lars Monsen i gåve.
Nyttig snarveg: