Opning i naustet i Vinnesholmen

Friluftslivets år 2015 i Fusa vart fredag 16. januar offisielt opna med ei samling i Vinnesholmen. Stiv kuling og store mengder nedbør jaga deltakarane inn i naustet, men la ingen dempar på stemninga. Vinnesholmen Kystlag var vertskap for opningsmarkeringa. 

Kystlaget hadde invitert liten og stor i Fusa med på overnattingstur i Vinnesholmen, men ruskevêret gjorde nok sitt til at frammøtet vart litt redusert. Det vart arrangert skattejakt for dei minste, grilla pølser og informert om Friluftlivets år 2015, allemannsretten og friluftslova, og aktiviteten til kystlaget og turlaga i Fusa.
Fusa Kommune ved kulturleiar Erik Vangsnes overrekte på vegne av ordføreren ei turbokpostkasse til Vinnesholmen Kystlag. Den skal hengjast opp ute på holmen, slik at alle som vil, kan skriva seg inn i turboka når dei er ute på holmetur.
Leiar i Vinnesholmen Kystlag Roger Hoel melder om svært dårleg vêr denne kvelden: Sjøen slo over moloen, så det var om å gjera å vera godt kledd for å komma seg ut på holmen. På grunn av det dårlege vêret vart det overnatta i naustet. "Vi skulle jo helst ha overnattet under åpen stjerneklar himmel, men lavt, tungt skydekke med store mengder nedbør og stiv kuling fra vest ødela for det," avsluttar Hoel. 
 
Sjå foto frå opninga i biletgalleriet ovanfor.
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 19.01.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30