Fusa som "Friluftslivets år-kommune"

Kommunestyret skal 5. mars bestemma seg for om Fusa skal verta ein "Friluftslivets år-kommune". Politiske råd og utval har hatt spørsmålet oppe og sagt ja. Les meir om kva det inneber.

I forslaget til vedtak heiter det: Fusa kommune ønskjer å vera ein ”Friluftslivets år-kommune”. Fusa kommune vil støtta opp om Friluftslivets år 2015 og arbeida for måla om å gje auka merksemd og varige resultat i form av større deltaking i friluftsliv i alle deler av folket.

Kva betyr det?

For å vera ein ”Friluftslivets år-kommune”, må Fusa kommune gjera eit intensjonsvedtak og leva opp til eit minstemål av aktivitet og prioritering av friluftsliv gjennom 2015.

For det første må Fusa støtta opp om hovudmåla for Friluftslivets år: Visjonen ”Fleire ut – oftare”. Barn og unge som viktige målgrupper.

For det andre må kommunen:

  1. Støtta aktivt opp om lokale arrangement og aktivitetar i Friluftslivets år
  2. Vektleggja omsynet til friluftsliv i kommunen sitt planarbeid
  3. Stimulera kommunen sine barnehagar og skular til å bruka naturen til leik og læring
  4. Bruka friluftsliv som positivt virkemiddel i kommunen sitt folkehelsearbeid
  5. Arrangera ”ordføraren sin tur”–ein open tur med ordføraren som turleiar
  6. Stilla opp til bålsamtale eller anna møte med friluftsorganisasjonane i kommunen
Rådmannen har lagt til eit 7. punkt for Fusa: 
  • Invitera til ”friluftslivets time”med kommunestyret.
Då Utval for plan og miljø diskuterte saka, vedtok dei å leggja til endå eit punkt (UPM-012/15 vedtak):
  • Utfordra kvar einskild kommunepolitikar til å skriva "sin tur" på kommunen si heimeside
Ungdomsrådet sitt forslag
 
Ungdomsrådet vedtok å leggja til ein uttale (UNG-004/15 vedtak):
"Fusa ungdomsråd ser det som veldig positivt at Friluftslivets år blir markert i Fusa. Ungdomsrådet vil oppfordra Fusa ungdomsskule til å arrangera Opptur for 8. klassane 6. mai og vil oppmoda skular og barnehagar til å ha særskild fokus på friluftsaktivitetar og arrangement i løpet av året. Kanskje er det mogeleg å få i gang ei ungdomsgruppe i Fusa turlag i løpet av året?"
 
5. mars er det kommunestyret sin tur til å fatta det endelege vedtaket om Fusa skal verta ein "Friluftslivets år-kommune" og kva det skal innebera.
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 26.02.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30