Friluftsbibliotek på Vinnesholmen

Friluftsbibliotek i Vinnesholmen - Klikk for stort bilete

I sommar kan du låna bøker i friluftsområdet på Vinnesholmen. Det er Vinnesholmen kystlag som står bak tiltaket som er ope 7 dagar i veka og 24 timar i døgeret!

Friluftsbibilioteket er ein ny attraksjon for alle som brukar friluftsområdet på Vinnesholmen og båthamna i Vinnessundet. Går du tom for ferielektyre kan du stikka innom løa på den tidlegare husmannsplassen og låna med deg ei bok eller to.

Under opninga av "filialen" fredag 3. juli sa leiar for Vinnesholmen kystlag Roger Hoel at utlånssysemet er såre enkelt. Du låner med deg ei bok og leverer den tilbake når og om det høver. Det er bygd på tillit, utan noko form for administrasjon og truande gebyr. Treng du ei bok til båtturen, strandturen eller vil ha ei stille stund med ei god bok på "Dronningbenken" i friluftsområdet, så er det berre å forsyna seg, sa Hoel.

Under opninga av biblioteket sist fredag las Anders Holmefjord opp eigne tekstar og det var forfriskningar til dei frammøtte.

Bøkene har kystlaget fått frå Forsvaret og Fusa folkebibliotek. 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 08.07.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30