Friluftslivets år 2015

I år vert Friluftslivets år markert med små og store arrangement over heile landet. Målet er auka merksemd og auka deltaking i friluftsliv. Klima- og miljødepartementet er hovudansvarleg for friluftslivets år, som vert skipa til for tredje gong. Fokus denne gongen er på friluftsliv i nærmiljøet, fritidsfiske og oppleving av kulturminne i naturen.

På denne sida kjem det til å koma drypp frå friluftsaktiviteten i Fusa i 2015. Meld frå om små og store arrangement til Fusa kulturkontor v/Erik Vangsnes - e-post: erik.vangsnes@fusa.kommune.no, tlf: 56 58 01 53.

Snarvegar:
Friluftsbibliotek i Vinnesholmen | Fotograf: Erik Vangsnes 11 godt kledde barn og vaksne rundt matbordet inne i naustet i Vinnesholmen. Foto | Fotograf: Simen Soltvedt To godt kledde smilande menn med ei turbokpostkasse mellom seg. Ein trebåt i bakgrunnen. Foto. | Fotograf: Simen Soltvedt
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 19.01.2015
Friluftslivets år 2015
Friluftsbibliotek
(08.07.2015)

I sommar kan du låna bøker i friluftsområdet på Vinnesholmen. Det er Vinnesholmen kystlag som står bak tiltaket som er ope 7 dagar i veka og 24 timar i døgeret!

(12.06.2015)

I Fusa er det stor aktivitet i Friluftslivets år. Mange ulike organisasjonar og institusjonar har hatt sine arrangement og tiltak og planlegg aktivitetar inspirert av Friluftslivets år. Veit du om nye tiltak kan dei meldast inn til kulturkontoret slik at dei kan kunngjerast i felles Tur- og aktivitetsprogram. Det populære turkortet til Fusa turlag kan du kjøpa på Camille i Fjord'n senter. Der får du også kjøpa Fusa kommune sitt turkart for kr 50,-.

(26.02.2015)

Kommunestyret skal 5. mars bestemma seg for om Fusa skal verta ein "Friluftslivets år-kommune". Politiske råd og utval har hatt spørsmålet oppe og sagt ja. Les meir om kva det inneber.

(19.01.2015)

Friluftslivets år 2015 i Fusa vart fredag 16. januar offisielt opna med ei samling i Vinnesholmen. Stiv kuling og store mengder nedbør jaga deltakarane inn i naustet, men la ingen dempar på stemninga. Vinnesholmen Kystlag var vertskap for opningsmarkeringa. 

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30