Fiske i Fusa

Fiske i ferskvatn
Fusa kan by på fiske etter røye og regnbogeaure i vatna i Hålandsdalen og laksefiske i Sævareidelva. Du må ha fiskekort. For vatna kan det kjøpast hjå:

  • Fusa Bensin AS i Eikelandsosen
  • P.H. Haugen Landhandel på Sævareid – tlf. 56 58 31 10
  • Bilverkstaden i Kilen – tlf. 56 58 51 80
  • Vengstun Hyttegrend i Hålandsdalen – tlf. 56 58 19 90
  • I tillegg sel fleire privatpersonar fiskekort

Sævareidelva: Eige kortsystem. Sjølvbetjent.


Merk deg at det er restriksjonar på ferdsel og fiske. Tek du med fiskeutstyr utafrå og/eller båt/kano/kajakk, må du desinfisera dette for å unngå spreiing av fiskesjukdommar. Det står informasjon om dette på oppslagstavlene til Hålandsdalen Grunneigarlag rundt vassdraga, og det er også sett ut desinfiseringsmiddel der.

Ferdsel på sjø

Alle har rett til å ferdast i kystsona. Ta omsyn til andre. Det er forbode å fiska nærare enn 100 m eller opphalda seg nærare enn 20 m frå oppdrettsanlegg, slepekast og steng.

Isfiske på Vengsvatnet | Fotograf: Arvid Midtrød Isfiske på Vengsvatnet | Fotograf: Arvid Midtrød Isfiske på Vengsvatnet | Fotograf: Arvid Midtrød Stangfiske frå Vinnesholmen | Fotograf: Erik Vangsnes
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.12.2011
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30