Soga for Fusa, Hålandsdal og Strandvik

"Soga for Fusa, Hålandsdal og Strandvik" band I-IV vart utgitt i 1960-åra. Verket omfattar eitt band allmennsoge og tre band gards- og slektssoge.

Naust, robåtar, stavela og hesjer - Skipaneset på Vinnes. | Fotograf: Ralph Wilson
Skipaneset på Vinnes 1924 fotograf Ralph Wilson

Arbeidet med bygdesogene gjekk over mange år. Fusa bonde- og ungdomssamskipnad vedtok i 1932 å arbeida for utgjeving av ei bygdesoge. Politimann og slektsforskar Johannes Sundvor var den første som arbeidde med innsamling av stoff til bygdesoga, til han døydde i 1941. Då overtok lærar Jon Teigland granskings- og skrivearbeidet. Han døydde i 1959.


O. B. Skaathun

Major Olav Bertin Skaathun fekk i oppdrag å fullføra arbeidet. Det første bandet kom ut i 1961. I tillegg til historie inneheld det topografi, geologi, botanikk, zoologi og antropologi, slik det var vanleg i bygdesogene på den tida.


Slektssoge

Band II-IV er slektsbøker som kom ut i 1967. Dei er ført i pennen av O. B. Skaathun.

Band II tek for seg gardane med tilhøyrande slektssoge i gamle Fusa kommune. Boka omhandlar såleis gardsnummer 1-40: Bogøy, Holmefjord, Eikelandsosen og Fusa.

Band III tek for seg gardar og slekter i Hålandsdal kommune og deler av Strandvik kommune. Her finn ein opplysningar om gardsnummer 41-76 i Hålandsdalen, gardsnummer 77-80 på Vinnes og gardsnummer 81-90 i Strandvik-bygda.

Band IV omhandlar den søre delen av gamle Strandvik kommune frå og med Sævareid sørover til Lygrepollen og Lukksund. Her finn ein opplysningar om gardar og tilhøyrande slektssoge for gardsnummer 91 Håvik, gardsnummer 92-100 i Sævareid, gardsnummer 101-116 på Baldersheim, Nordtveitgrend gardsnummer 117-119, og gardsnummer 120-135 i Lygrepollen og Lukksund.


Utselde

Desse bygdebøkene er ikkje lenger i sal, men dei kan lånast på Fusa folkebibliotek eller via fjernlånsordninga på bibliotek andre stader i landet.

 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.12.2012
Fusa folkebibliotek
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : bibliotek@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 54

Faks
: 56 58 01 02