Heilt andre tider. Fusa 1900-2000

Bygdebok, lokalhistorie, historiske foto - Klikk for stort bilete

Bygdebøkverket "Heilt andre tider. Fusa 1900-2000" omfattar tre band med allmennsoge for Fusa. Dei tre bøkene kom ut 2003-2005. Dei er rikt illustrerte. Fototilfanget har danna grunnlaget for den historiske biletsamlinga vår, som er tilgjengeleg på heimesida til Fusa kommune. "Heilt andre tider" er skrivne av etnolog Ella Marie Brekke Vangsnes.

Bygdebok, lokalhistorie, historiske foto - Klikk for stort bilete Bygdebok, lokalhistorie, historiske foto - Klikk for stort bilete

Det første bandet (2003) fortel om endringane i fusabygdene dei siste 100 åra frå eit samfunn der det var den gamle bondekulturen sine normer og ideal som rådde, til nye former for bygdeliv ved tusenårsskiftet. Det tek for seg det næraste og mest grunnleggjande: kvardagsliv og levekår. Korleis var det å driva gard i Fusa for 50 år sidan, eller vera på brislingfiske på 1930-talet? Når kom straumen? Kva var Sævareid Karton- og Papfabrik, og korleis vart Fusa ein fiskeoppdrettskommune?

 

Det andre bandet (2004) fortel om endringar i livsfasar og livsfestar, lagsliv og møtestader i bygdesamfunnet, sosiale skilje og kulturmøte, og utviklinga i kommunikasjonane (samferdsle, post, telefon, massemedia) - sjølve føresetnaden for samkvem mellom menneske. Korleis var det å veksa opp for 80 år sidan, eller vera ung under andre verdskrigen? Når kom barnehagane? Korleis var det å bli gammal før alderstrygda? Kva var ein losje, og korleis vart Fusa ein skiskyttarkommune? Kor lenge har me hatt Fusa-ferja, og når opna Grunnasundsbrua?

 

Det tredje bandet (2005) fortel om rammene rundt folk sine liv: Framveksten av velferdskommunen og velferdssamfunnet, det kyrkjelege livet, lensmann, lov og orden, og dei som har vore dei store private aktørane på den offentlege arenaen i Fusa: sparebanken og kraftlaget. Men det fortel samstundes - på same måte som dei to føregåande banda - først og fremst om menneska og livet innanfor desse rammene. Korleis var det å gå på skulen for 75 år sidan, eller vera distriktslege på 1940-talet? Kva har vore dei største stridsemna i fusapolitikken, og kva meinte folk om kommunesamanslåinga på 1960-talet? Kven var Marstrander? Kor mange lensmenn har Fusa hatt? Kor lenge har det vore sparebank i kommunen, og korleis vart kraftforsyninga organisert?

Dette siste bandet avrundar bygdebøkene med ei oppsummering: Fusa og fusingar 1900-2000. Og det innheld 11 bygdeleksikon med nøkkelinformasjon i stikkordsform for dei ymse bygdelaga (Baldersheim, Bogøy, Eikelandsosen, Fusa, Holmefjord, Hålandsdalen, Lygrepollen og Lukksund, Nordtveitgrend, Strandvik, Sævareid og Vinnes.

Kvar kan dei kjøpast?

Bygdebokverket "Heilt andre tider. Fusa 1900-2000" er gitt ut av forlaget Vigmostad og Bjørke i Bergen. Bøkene er til sals i Kommunetunet i Eikelandsosen.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 03.12.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30