På fototur til Os og Bergen

Fusingane reiste gjerne ein tur til Os for å la seg fotografera, eller dei nytta høvet til det når dei var på byferd. Militærfoto frå Voss finn me òg ei heil rekkje av i biletsamlinga.

Søk i biletsamlinga

Bryllaupsfoto frå bergensfotograf - Klikk for stort bilete To unge kvinner hjå fotografen på Os: Ida Kolle og ei veninne. - Klikk for stort bilete Peder Berlandstveit i militæruniform og med sykkel. Atelierfoto. Tidleg på 1900-talet. - Klikk for stort bilete

Fusingane nytta fotograf Gerhard Berg (f. 1870) mykje. Han kom frå Bergen, men etablerte fotoverksemd på Osøyro i 1895. Han hadde òg atelier i Samnanger. Me har 108 Berg-bilete i samlinga vår. Marius Mortensen var assistent hjå Berg og overtok fotoverksemda i 1915. Både han og sonen Gunnar M. Mortensen har fotografert mange fusingar.

Dei rodde til Os på preikesøndagar når det ikkje var preike i eiga kyrkje, står det å lesa i ”Soga for Fusa, Hålandsdal og Strandvik” bd. I (1961): ”Etter preika kunne dei der gå til fotografen Gerhard Berg, seinare Mortensen. Det var ”to kroner for seks fotografi om fjorten dagar”. Gutar og jenter bytte fotografi med kvarandre, som konfirmantane no byter konfirmasjonskort i kyrkjedøri.”

Det var heller ikkje uvanleg at fusingane gjekk til fotograf i Bergen, gjerne i samband med anna ærend i byen. Fotograf Norland i Markeveien 14 var mest nytta, skal me døma etter bileta i denne samlinga. Her er òg fotografi frå ateliera til Hagbarth Jacobsen i Store Markevei 13, Brødrene Larm og Hulda Bentzen i Smaastrandgaden og Thor i Markeveien 13. Forlovingsbileta vart gjerne tekne i Bergen, og ein del bryllaupsbilete. I vanskelege tider reiste fleire fusapar til Bergen for å gifta seg for å sleppa å skipa til store og kostesame bryllaupslag heime. Nokre nytta òg høvet til å ta familiebilete i Bergen i samband med at ein eller fleire familiemedlemer reiste til Amerika.

Ikkje så reint få bilete av unge fusamenn er tekne på Voss av fotografane Mimmi Jansen og Johan von der Fehr. Sistnemnde hadde òg atelier i Bergen. Desse unge mennene er alle i uniform, og bileta er tekne i samband med militærteneste på Voss.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.01.2016
Fusa folkebibliotek
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : bibliotek@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 54

Faks
: 56 58 01 02