Bygdefotografen Einar Sundvor

Fusa kommune har teke i mot ei større samling av foto på originale glasplater. Det er snakk om meir enn 600-800 bilete med både landskap, gruppebilete og portrett. Dei fleste bileta er tekne av Einar Sundvor (1899-1963).

Søk i biletsamlinga

Sundvorsamlinga - ukjend gruppe - Klikk for stort bilete

Bileta er digitaliserte, og i 2016 er Johanna Ljones ved kulturkontoret i full sving med å identifisera motiva, både stadar og menneske.


Ein stor del av bileta er frå Sundvor og grendene ved Lygepollen, men det er også motiv frå andre bygder i Fusa og nabokommunane, m.a. Tysnes. Bileta har vore synt for publikum både på Kystsogedag på Engevik 28. august og i Glasgato på Kommunetunet i Eikelandsosen frå 24. september og ut oktober.

Etter kvart vil alle bileta vera tilgjengelege på Fusa kommune sin historiske biletbase på Fusa kommune si heimeside.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 27.09.2016
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30