Landliggjarfotografar

wilson-foto.jpg - Klikk for stort bilete wernoee.jpg - Klikk for stort bilete

 

Amatørfotografane er òg representerte i rikt mon i samlinga vår. Dei første amatørane som fotograferte i Fusa, var såkalla landliggjarar, byfolk som ferierte på landet om sommaren.

Søk i biletsamlinga

For dei var arbeids- og folkelivet i Fusa eksotisk og verd å fotografera. Takk vere desse landliggjarfotografane har me ein heil del arbeidsbilete frå første halvdel av 1900-talet, ikkje minst slåttebilete.

 

Ralph Wilson

Mellom landliggjarfotografane merkjer to seg ut. Den første er Ralph Wilson (1872-1951). Han var frå Stend, var utdanna teknikar, og hadde bak seg opphald både i USA og München, då han busette seg i Bergen. I 1909 blei han vassverksjef der. Han tok til å fotografera rundt 1895 og gjorde ein glimrande innsats som (amatør)fotograf. Han er særleg kjend for dei mange flotte bergensbileta sine. Wilson med familie ferierte på Skåte på Vinnes frå 1920-talet, og der finst rundt 200 bilete frå Fusa frå åra 1924-1929, 1943 og 1948. Dei er tekne vare på av Hordaland Fylkesarkiv, men nokre av dei er òg å finna i samlinga vår. 

 

Henning Wernøe

Den andre store landliggjarfotografen vår er Henning Wernøe (1909-1945), også han frå Bergen og også han sommargjest på Skåte på Vinnes under andre verdskrigen. Men i motsetning til Wilson, hadde Wernøe fotografisk utdanning, både frå Dresden og London. Han hadde arbeidd for eit fotofirma i Oslo, som var Kodak sin leverandør i Noreg, før han vart med i fotofirmaet Wernøe & Gulbrandsen i Bergen. Henning Wernøe var ivirg med i motstandsrørsla under krigen og fall i Matrefjella våren 1945. Me har ca. 30 av hans bilete i samlinga vår. Han hadde blikk for estetisk vakre motiv og mange av bileta hans er kunstnarleg komponerte.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.01.2016
Fusa folkebibliotek
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : bibliotek@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 54

Faks
: 56 58 01 02