Kåre Dalland

Journalist Kåre Dalland (1935-1998) har sytt for mykje viktig fusadokumentasjon frå dei siste 25 åra av 1900-talet.

Søk i biletsamlinga

Fusajournalist Dalland gjorde ein stor jobb for å dokumentera smått og stort i fusabygdene, både gjennom kameralinsa og i skriftleg form. Han byrja å skriva for den nyskipa lokalavisa ”Midhordland” i 1972 og var fast tilsett der 1985-87.

Han var fotograferande journalist i Os og Fusaposten frå starten på denne avisa i 1987 og heilt til han døydde i 1998. Me er takksame for at me har fått lov til å innlemma vel 90 av bileta hans i samlinga vår.

Eli Rygh frå barne-TV-serien "Portveien 3" underheld på Fusamesso i Fusa samfunnshus. Jenta på bordet er Elisabeth Berglund. - Klikk for stort bilete

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.01.2016
Fusa folkebibliotek
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : bibliotek@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 54

Faks
: 56 58 01 02