Fotograf Samnøen i Eikelandsosen

Mellom bileta i samlinga er m.a. 140 foto etter Fusa sin eigen yrkesfotograf Ole O. Samnøen (1870-1948).

Søk i biletsamlinga

Familiefoto teke av Ole Samnøen ca 1915 - Klikk for stort bilete samnoeen_logo.jpg - Klikk for stort bilete Losjen i Sævareid fotografert av Hans Markhus - Klikk for stort bilete

Han var fødd i Samnøy, men busette seg på Neset i Eikelandsosen, der han frå 1901 var rikstelefonstyrar. Han styrte òg trygdekassen og hadde rekneskapen for hermetikkfabrikken (skipa 1909) ei tid. I periodar dreiv han i tillegg handel både med fisk og frukt. I 1908 gifta han seg med skreddar Anna Marta Rød (1877-1924). Dei fekk to born: Otto (f. 1918) og Anna Magdele (f. 1920). Anna Marta døydde tidleg, og Ole gifta seg opp att med syster hennar, Eli (Ellen Kristine) Rød (f. 1882).

Ole Samnøen hadde atelier både i bustadhuset sitt og i ei lita hytte ved sida av. Samnøen var handikappa: Han hadde klumpfot og vanskapte hender. Når han skreiv, måtte han halda blyanten med begge hender. Likevel hadde han ei svært vakker handskrift. Han var aktiv i kulturlivet i Eikelandsosen og var med å skipa Eikelandsfjorden musikklag, der han sjølv spela althorn. Ole Samnøen var ein dyktig fotograf. Diverre er glasplatesamlinga (negativane) hans gått tapt, men det ligg mange samnøenfoto rundt om i fusaheimane. Nokre av desse er med i samlinga vår. Takk vere arbeidet til Ole O. Samnøen har me mykje verdifull kulturhistorisk dokumentasjon av folk og stader i Fusa dei første tiåra av 1900-talet.

 

Hans H. Markhus

Fusa hadde ein fotograf til, men han hadde ikkje atelier her: Hans Elmer Hansson Markhus (f. 1883) frå Sævareid. Han byrja å fotografera etter at han vart enkjemann i 1918. Han hadde fått opplæring hjå fotograf Jacobsen i Bergen og reiste rundt og fotograferte for han, fortel sonen Hans H. Markhus (f. 1911). Så starta han opp for seg sjølv i Høyanger på 1920-t. Me har sju foto frå Sævareid på 1920- og 1930-talet som han har teke. 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.01.2016
Fusa folkebibliotek
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : bibliotek@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 54

Faks
: 56 58 01 02