Flyfoto

Flyfoto av den relativt nye skulen - bygd 1955. - Klikk for stort bilete Flyfoto av nyevegen ved Ådland 2003 - Klikk for stort bilete

 

Me har ei stor samling flyfoto i den lokale biletsamlinga vår. Dei fleste stammar frå Fjellanger Widerøe.

Søk i biletsamlinga

Under første verdskrigen vart flyfotografering teke i bruk for militære føremål. Seinare har flyfotograferinga helst vorte brukt til framstilling av kart og prospektkort. Her til lands spesialiserte selskapet Fjellanger Widerøe seg på sivil luftfotografering. I 1983 kjøpte Fusa kommune 600 arkivbilete og negativar frå Fjellanger Widerøe AS. I tillegg er det 22 andre Widerøe-flyfoto i databasen. Dei eldste er svart/kvitt negativar av glas (glasplater) frå før andre verdskrigen. Ein del er svart/kvitt-foto frå 1950-talet, men dei fleste flyfotoa er fargefoto frå 1960-åra. Det er bilete både av bygder, grender og einskildgardar/eigedomar.

Dersom du skriv Widerøe i feltet for fotograf, får du opp 622 motiv, alle flyfotoa frå Widerøe i samlinga. Du kan òg søkja på bygdenamn i feltet for ”sted avbildet”, men då får du opp alle motiv frå vedkomande bygd. Eller du kan søkja på gardsnamn, namn på grend, bygd, område i feltet for ”motiv”.

Me har òg ei lita samling nye flyfoto (15) frå 2003, tekne på bestilling av fotograf Vidar Langeland i samband med bygdebokarbeidet.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.01.2016
Fusa folkebibliotek
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : bibliotek@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 54

Faks
: 56 58 01 02