Bygdefotografar og lærarar

Konfirmantbilete frå Sundvor  - Klikk for stort bilete 1. klasse ved Eikelandsosen skule 1965/66 på skitur. Kopi av eit ljosbilete. - Klikk for stort bilete

 

Nokre amatørfotografar fungerte meir eller mindre som bygdefotografar rundt om i Fusa.

Søk i biletsamlinga

Desse bygdefotografane tok gjerne på seg å fotografera bryllaups- og konfirmantgrupper eller fotograferte ved høgtider og spesielle hendingar i bygda. I Lygrepollen hadde Einar Sundvor ein slik funksjon. Me veit at han står bak ni av bileta derifrå, men han har truleg teke fleire av ”podlabileta” våre. Frå Hålandsdalen har me 38 bilete som me veit kjem frå Einar H. Holdhus (f. 1884) sitt kamera, og 39 bilete tekne av Lars Holdhus (1917-2000).

Frå 1960-talet vart ljosbilete i fargar populære, og i Fusa som i andre kommunar, var lærarane mellom dei ivrigaste amatørfotografane. Oppstilte klassebilete, foto frå klasserommet og ikkje minst skuleturar er mellom motiva deira. Me har fått låna ljosbilete frå Herleiv Rolfsnes på Holdhus skule, Leiv Fosså på Austestad og Eikelandsosen skule og Sæbjørn Tveit på Fusa skule.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 27.09.2016
Fusa folkebibliotek
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : bibliotek@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 54

Faks
: 56 58 01 02