Korleis bruka biletbasen?

Her følgjer litt råd og rettleiing i korleis ein kan søkja i og bruka biletbasen frå Fusa.

Søk i biletsamlinga

Søking og bruk
Du kan søkja på motivtittel, person, stad, fotograf og årstal.
Leitar du etter ein spesiell person, kan du bruka feltet ”Person avbildet” – skriv først etternamn, førenamn. Du skal då få fram alle bileta der vedkomande er med.
Dersom du skriv Widerøe i feltet for fotograf, får du opp 622 motiv, alle flyfotoa frå Widerøe i samlinga. Bruk etternamn på fotograf.
Du kan søkja på bygdenamn i feltet for ”sted avbildet”, og får då opp alle motiv frå vedkomande bygd. Du kan òg nytta feltet for ”motiv” og kan søkja på gardsnamn, namn på grend, bygd eller område.
Ønskjer du å sjå bileta frå eit visst tidsrom eller årstal, kan du søkja i felta for ”År” – fra – til.

NB! Når du får opp fleire bilete etter søket ditt, må du trykkja på teksten under biletet for å få med all informasjon. Trykkjer du på sjølve biletet, får du berre fram det.

Når du står i skjermbiletet til eit bestemt foto m/info, kan du kryssøkja på emneord – t.d. gard, byggeskikk, måltid, skule, kyrkje – og det som elles kjem opp med utheva skrift (motiv, år, fotograf).

Opplysningar
Til dei fleste bileta har me gode opplysningar om motiv og namn. Der dette manglar, er me takksame for tips frå dykk som brukar databasen. Me vil òg gjerne ha rettingar av evt. feil, og tilleggsopplysningar til bileta. Trykk på ”Din kommentar til bildet” og send oss ei melding!

Sal av foto
Det er høve til å bestilla papirkopiar av bileta i databasen. Denne tenesta er eit samarbeid med fotograf på Os. Trykk på ”Bestill kopi”, og du kjem til bestillingsskjemaet.

Skuleelevar kan fritt bruka kopiar og utskrifter frå databasen i oppgåver og til annan skulebruk.

Ønskjer du å bestilla ei digital fil til privat eller kommersiell bruk, er det eigne takstar for det. Ta kontakt med Fusa folkebibliotek.

Holmefjord skule på 1930-talet - Klikk for stort bilete

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.01.2016
Fusa folkebibliotek
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : bibliotek@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 54

Faks
: 56 58 01 02