Lokalhistorisk biletsamling i Fusa

Eitt av dei eldste fotografia frå Fusa - Klikk for stort bilete

Biletsamlinga til Lokalhistorisk Arkiv i Fusa ved Fusa folkebibliotek består av vel 4350 bilete med varierte motiv, frå 1860-åra til 2007.

Søk i biletsamlinga

Det er hovudsakleg private foto, innlånte og avfotograferte/scanna i samband med bygdebokarbeidet 1998-2008. Samlinga omfattar òg ca. 620 flyfoto i Fusa kommune si eige frå Fjellanger/Widerøe, og forfattar Ella Marie Brekke Vangsnes sine nyfotograferte bilete til bygdebøkene.

Dei eldste fotografia me kjenner til frå Fusa prestegjeld, er to fotografi frå Sævareid, som er tekne kring 1860 (LAF-08-0014 og LAF-08-0015). Fotografen var Marcus Selmer frå Bergen. Dei vart truleg fotograferte under ei synfaring som Henrik J. Fasmer heldt i samband med planlegginga av kartongfabrikken ved Sævareidfossen. Marcus Selmer (1819-1900) og Thorvald Selmer opererte tidvis som omreisande fotografar. Me har 18 av deira bilete i samlinga: i hovudsak landskapsbilete og folkelivsskildringar frå Sævareid/Engjavik.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 18.01.2016
Fusa folkebibliotek
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : bibliotek@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 54

Faks
: 56 58 01 02
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - kultur

Telefon :
56 58 01 53
E-post :
erik.vangsnes@fusa.kommune.no
Tittel :
Kulturleiar
Bunnhjørne
kontaktperson

Samfunnsutvikling, økonomi og service - kultur

Telefon :
56 58 01 55
E-post :
Martine.Durban.Jahr@fusa.kommune.no
Tittel :
Biblioteksjef
Bunnhjørne