Frå spøt til fabrikkdrift
På 1800-talet vart det banka tønner i alle bygder i Fusa, og mennene "hadde da som eit spøt" - på linje med kvinnene sitt strikketøy. På 1900-talet vart handverket mekanisert og nokre bygder tok steget over i "fabrikkdrift". Bogøy/Holmefjord vart kjerneområdet for tønneproduksjon i Fusa.
Levande museum
Tønnegarden economuseum er eit levande museum, der formidling av det tradisjonsrike bøkkarhandverket, produksjon og sal går hand i hand.
Nybygget inneheld verkstad for tønneproduksjon, utstilling, forsamlingslokale, kjøkken, bakaromn og utsal. Tønnegarden tilbyr opplevingar og tradisjonsmat i trivelege lokale. Her vert det både laga tønner og tønnemøblar og baka brød, lefser, flatbrød og kaker, i tillegg til gardsdrift med mjølkekyr.
Samarbeid
Tønnegarden vert driven av fleire generasjonar: Kari og Jostein Gangstø, sonen Oddvar og svigerdottera Marianne Ødegård Gangstø, og dottera Solveig Gravdal.
Tønnegarden samarbeider òg med fusakunstnaren Anja Tveiterås. Resultat av det kreative samarbeidet kan ein sjå både på utstillingsveggane og i utsalshyllene.
Kontaktinformasjon:
-
Adresse: Tønnegarden, Samnøyvegen 57, 5642 Holmefjord
-
Tlf: 919 93 040
-
E-post: post@tonnegarden.no