Teglverket i Selsneset

Selsneset
Selsneset
Vindenes teglverk 1920
Vindenes teglverk 1920

I Selsneset på Vinnes kan ein sjå restane etter eit lite industrieventyr for hundre år sidan: Vindenes Teglverk.

Vindenes teglverk på Selsneset vart sett i gang i 1876 av engelskmannen John Vickers Scarborough. Råstoffet var bakkeleira på staden. To tjødner i området syner kvar dei tok ut leira. Dei laga murstein og takpanner. Teglverket vart nedlagt tidleg på 1920-talet, då det vart slutt på råstoffet. Bygningane vart selde og flytta, og den store ringomnspipa vart fjerna i 1928. Utskipingskaien står att, restaurert. Ei kulturstitavle syner foto frå drifta. Ein kan òg framleis finna raudbrende restar av teglstein i området. Fleire bygningar på Vinnes har takstein frå teglverket.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.09.2011
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30