Skulemuseet på Holdhus

skulemuseet.jpg - Klikk for stort bilete 17._maitog_v_holdhus_skule_1940-t.jpg - Klikk for stort bilete

 

Like ved Holdhus kyrkje ligg ei lita kvitmåla skulestove. Her heldt skulen på Holdhus til frå 1875 til 1956.

Det vesle skulehuset har eitt skulerom, lærarkammer, gang og utedo. Det vart brukt som skulehus fram til 1956, då nyeskulen på Holdhus stod ferdig. 1957-1963 vart det nytta til kommunehus i Hålandsdal herad.

Skulemuseet inneheld i dag ei interessant samling av læremidla som fanst i "den gamle skulen". I gangen står skulebarna sitt vanlegaste fottøy, treskoa, oppstilte på rekkje og rad.

Skulemuseet og Holdhus kyrkje har felles guideordning og felles opningstider om sommaren.

Opningstid 2016:

  • 5.-31. juli kl 11-17
  • elles omvising for grupper etter avtale
  • telefon utanom opningstid: 56 58 11 30
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.06.2016
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30