Postvegen

Postopnar Lasse Øpstad utanfor postgarden på Øpstad i Fusabygda på 1930-talet
Den gamle postgarden på Øpstad
Vandring på den gamle postvegen mellom Fusa og Strandvik
Vandring på den gamle postvegen mellom Fusa og Strandvik

Det kom i gang postføring gjennom Fusa i 1786 som del av postvegen mellom Bergen og Stavanger. Ved kvart postskifte langs ruta låg ein postgard. I Fusa-bygda var dette garden Øpstad. Til Øpstad vart posten rodd over fjorden frå Hatvik. Frå Øpstad vart han ført vidare over den gamle postvegen til Strandvik og postbonden i Vik (lille). Det vart slutt på postføringa i 1861. Vegen var statleg hovudveg i denne perioden. 1861-1901 var dette den kommunale vegen mellom Fusa og Strandvik. Han vart nedlagd i 1901, då nyetraseen gjennom Vinnes opna.

Den siste postbonden av det gamle slaget på Øpstad var Lasse S. Øpstad (1830-1903). Postopneriet i Fusa-bygda vart liggjande på Øpstad heilt til 1984.


Fottur på den gamle postvegen frå Fusa til Strandvik (lett tur)

Parkering ved Rv 552 på Fusa. Følg vegen opp til øvste garden på Øpstad. Fast og god skogsveg vidare, følgjer stort sett den gamle postvegen. Postkasse med loggbok i stikryss på Ludden. Ned mot Strandvik kryssar stien ein skytebane. Evt. aktivitet er varsla med flagg.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.09.2011
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30