Kvartsbrotet i Bergegrend

Steinknuseverket og utskipingsanlegget knytt til Kvartsbrotet i Bergegrend 1964. | Fotograf: Widerøe
Steinknuseverket og utskipingsanlegget nede i bygda Bergegrend 1964 fotograf Widerøe
To tidlegare arbeidarar på den store steinknusemaskina | Fotograf: Kåre Dalland
Frå steinknuseverket fotograf Kåre Dalland

Vanvik kvartsbrot var i drift frå 1950, men anleggsarbeidet tok til i 1947. Det vart drive av Norwegian Talc A/S, eit selskap under bergensfirmaet Jacob Kjøde A/S. Kvartsen vart henta ut i dagbrotet i Horgaberget og køyrd med lastebil til steinknuseverket nede i bygda. Etterpå vart steinen sortert i stein, grus og singel og skipa av garde. Vanvik kvartsbrot vart nedlagd i 1968 grunna manglande etterspurnad. Ein kan framleis sjå restane etter steinknuseverket og utskipingsanlegget.


Fottur til kvartsbrotet (lett tur)

Parkering ved Rv 552. Gå frå Bergegrend opp vegen til Kvåle og Bakke. Frå sistnemnde følgjer du anleggsvegen mot Kvartsbrotet.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.09.2011
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30