Kulturstien på Vinnes

Kulturstien på Vinnes er laga av geolog Arne Dalland, med god hjelp frå andre kulturinteresserte i Vinnes-bygda og Fusa kulturminnelag. Stien syner viktige naturhistoriske og kulturhistoriske stader på Vinnes.

Kulturstien vart sett opp kring 1996. Våren 2010 vart heile kulturstien oppdatert, og nylaga postar har erstatta dei gamle. 

Postane spenner frå å visa gravminne frå bronsealder, til å fortelja om utflyttinga frå fellestuna i starten av 1900-talet.

Kulturstien følgjer både stiar, mindre vegar og hovudveg, og er ein rundtur på ca. 1 1/2 time. Stien er lett tilgjengeleg, anten frå båthamna ved Vinnesholmen, eller frå hovudvegen gjennom Vinnes-bygda.

Snarveg:

Kjersti Dalland har laga ein nettstad med tittelen "Kulturstien på Vinnes", som har eit interaktivt kart og viser alle postane.

Kart over kulturstien på Vinnes, laga av Kjersti Dalland. - Klikk for stort bileteKart over kulturstien på Vinnes, laga av Kjersti Dalland.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 26.03.2015
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30