Kulturbedehuset Fredheim

Bedehuset Fredheim på Vinnes frå 1918 har fått nytt liv som kulturbedehus. Venelaget for Fredheim skipar til konsertar, basar og seminar. - Klikk for stort bilete EMBV

Bedehuset Fredheim på Vinnes vart bygd i 1918 av Nesets Kina- og Indremisjonslag. Det er teikna av Magnus Dagestad, og er eitt av to bedehus som er med i kulturvernplanen for Fusa. I dag vert det nytta av Venelaget for Fredheim som kulturbedehus - til konsertar, basar og seminar.

Dagestad-teikna bedehus

Arbeidet med bygging av bedehuset på Vinnes tok til 3. pinsedag 1918. 16. oktober same år vart det vigsla av Andreas Lavik. Mellom dei ivrigaste lokale drivkreftene for å byggja bedehus finn vi Engel Djuvikjo, Haldor Dalland, Lars Dalland og Magnus Skaathun.

"Arkitekten" Magnus Dagestad frå Voss var ein allsidig kunstnar innanfor nasjonal stil frå midten av 1880-åra: Han var treskjerar, teiknar, målar, forfattar og spelemann. Han var òg styrar for Norsk kunsthandverksskule på Voss. Der var Haldor Dalland frå Vinnes elev, og truleg er det grunnen til at Dagestad vart beden om å teikna bedehuset på Vinnes.

Bedehuset Fredheim er inspirert av nyklassisismen sitt enkle formspråk. Det er bygd av svært gode materialar og er eit godt tømra hus. Fredheim er blitt omtala som det vakraste forsamlingshuset i Fusa.

Vekking på Vinnes

Bedehuset vart bygd etter ei religiøs vekking i bygda i 1914-1915. I § 1 i lovene vert det slått fast at: «Nesets kina- og indremisjonslag eig bedehuset «Fredheim» og dei bruker huset i samhøve med guds ord og den evangelisk-lutherske trussannkjenning».

Dei gamle tømmerveggane kan fortelja om song og musikk, møte og vekkingar, flammande talar og lågmælte vitnemål, basarar og åresal, søndagsskule og juletrefestar, gravferdssamlingar og 17. mai-feiring, sosialt samvær og åndeleg fellesskap.

Huset har i tillegg vore nytta til syskule, sløydskule og framhaldsskule. Sommaren 1940 vart det teke til losji av tyske soldatar.

Venelag

I 2011 vart "Venelaget for Fredheim" skipa. Målet er å ta vare på dette vakre og tradisjonsrike huset. Det vert nytta som kulturbedehus, og venelaget skipar til konsertar, "Fredheimseminar", basar og utstillingar.

Snarveg:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 08.07.2015
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30