Flysleppa i Hålandsdalen

Fallskjermar frå flysleppa i Hålandsdalen, fotografert på Solvang etter krigen 1945 | Fotograf: Reidar Ringen
Fallskjermar frå flysleppa fotograferte på Solvang etter krigen 1945 fotograf Reidar Ringen
Minneplate frå flyslepp 6. november 1944 | Fotograf: Erling Solvang
Minneplate på Storfjellet (Trælafjell) over flysleppa krigsvinteren 1944-45 fotograf Erling Solvang

Siste krigsvinteren 1944-1945 vart våpen, ammunisjon og utstyr til heimestyrkane frakta luftvegen frå England og sleppt i løynd i fjellområde rundt om i landet, m.a. i hålandsdalsfjella. Ei lokal milorggruppe hadde ansvaret for mottaket i Fusa. Det første flysleppet kom på Storfjellet (853 moh), nordvest for Botnavatnet 6. nov. 1944, og dei to siste på Ottanosi natt til 29. jan. og 25. mars 1945. Det er sett opp minneplater på begge "droppestadene".


Topptur til Ottanosa (976 moh) (2,5 t - krevande tur)

Parkering: Bomveg med avgift til p-plass på Heihiller. Turen er lett i starten, men det er relativt bratt frå Bjørndalsstølen og opp. Flott utsyn frå toppen. Frå Ottanosa er det ein fin rundtur å gå over Kjerringafjell og ned mot Bygdastølen. På vegen kan du sjå minnetavlene etter flysleppa i 1944-45.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 07.10.2011
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30