Kikedalen

I Kikedalen inst inne ved enden av Gjønavatnet ligg restane etter ein øydegard frå Svartedauden (1349). Ei vegetasjonshistorisk undersøking frå 1998 viser at garden vart etablert i eldre jernalder. Dei vide fjellområda med fangst og fiske gav livsgrunnlag for folket her. Segna om Kikedalsbonden fortel at heile huslyden strauk med under Svartedauden. Sidan har det ikkje vore busetnad her, men det har vore drive tradisjonell fôrsanking og beiting heilt fram til vår tid. Styvingsskogen i dalsidene går attende til mellomalderen. Tuftene etter det som kan ha vore Kikedalsbonden sitt tun, ligg på ein terrasse i dalbotnen.

Fottur frå Gjøn til Kikedalen (3 t - middels tur)

Dette er ein lang, men ikkje særleg tung tur. Parkering ved starten av skogsvegen. Følg skogsveg og ta av på sti ved Kaldestegen. Ta så av innover lia langs Gjønavatnet. Fint utsyn frå Marhovda mot den særmerkte Kikedalen. Frå Kikedalen er det spennande å følgja stien vidare til Setehaugtjørna. Alternativ: Gå vidare til Holmane i Samnanger (ca 3 t).

NB: I seinare år har det vore hestebeite i Kikedalen frå jonsoktider

Leirskuleelevar i Kikedalen. Utsyn frå dei gamle hustuftene mot Gjønavatnet. | Fotograf: Hålandsdalen leirskole
Kikedalen med utsyn mot Gjønavatnet fotograf Hålandsdalen leirskole
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.09.2011
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30