Jettegrytene ved Koldalselva

Jettegryte i Eikelandsosen
Jettegryte i Eikelandsosen

Langs Koldalselva i Eikelandsosen ligg det fleire store jettegryter, nokre heile og andre halve. Dette naturfenomenet er elles å finna mange stader i kommunen.

Jettegrytene i Fusa er oftast utforma i den relativt mjuke bergarten glimmerskifer, men òg i granitt. Jettegrytene er danna av rennande vatn, som set stein og grus i rørsle, slik at det vert laga holer i berget. På grunn av den særeigne forma, og ofte enorme dimensjonar, har det opp gjennom tidene kvilt eit skjær av mystikk rundt fenomenet jettegryter, og dei har gjeve grobotn for segner og forteljingar. Namnet jettegryter spelar truleg på førestillingar i norsk folketru om at dette var grytene til "jøtular", nokre kjempemessige eventyrfigurar. 

I Eikelandsosen ligg det fleire jettegryter ved fotgjengarundergangen 50 m nordaust for sentrum. Den største har ei svak spiralform, som syner korleis vatnet har strøymt i spiral ned langs sidene av gryta. Nederste del vart sprengd vekk under vegbygginga, så det er råd å gå inn i gryta. Det er fleire halve gryter lenger oppe langs Koldalselva. Parker ved rundkøyringa, gå 250 m oppover langs riksvegen og ta ned t.v. Ein kan gå inn i botnen av dei 13-14 m høge halvkvelvane. Truleg var det isbreen som danna den andre halvdelen av desse jettegrytene.  
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 07.09.2011
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30