Husmannsplassen Vinnesholmen

Husmannsplassen Vinnesholmen - Klikk for stort bilete Den gamle husmannsplassen og badestranda i friluftsområdet Vinnesholmen - Klikk for stort bilete

 

Den tidlegare husmannsplassen Vinnesholmen er i dag offentleg friområde og ein riktig sommaridyll.

Frå ca 1800 til 1930 var Vinnesholmen husmannsplass under dei seks hovudbruka på garden Vinnes. I 1866 fødde plassen tre kyr og åtte sauer. Dei siste husmennene var Engelina og Lars Vindenes, som festa plassen i 1892. Dei fekk kjøpa han i 1930 og skilja han ut som eige småbruk, Solholm. Dottera Elisa (Liso) og mannen Bård Foss testamenterte eigedomen til Fusa Sjuke- og aldersheim.

Stiftinga Vinnesholmen

Då Liso døydde i 1983, overtok Fusa kommune Vinnesholmen. I 1991 vart Stiftinga Vinnesholmen oppretta. Stiftinga restaurerte og dreiv Vinnesholmen som utleigebustad for feriegjester etter filosofien "Vern gjennom bruk". Etter omorganisering av drifta i 2014 vert husmannsplassen forvalta av Vinnesholmen kystlag.

Det vert òg skipa til årlege husmannsdagar for skuleelevar i Vinnesholmen som del av undervisningsopplegget "Fusanisto".

Vinnesholmen er i dag tilgjengeleg via moloen ved Vinnes båthamn.

Kontaktinformasjon:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 08.07.2015
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30