Holdhus kyrkje

Holdhus kyrkje i Hålandsdalen sett utanfrå - Klikk for stort bilete

Holdhus kyrkje er ei av dei mest interessante etter-reformatoriske kyrkjene på Vestlandet.

1306

Holdhus gamle kyrkje vart ombygd frå stavkyrkje til tømra hallkyrkje truleg i 1726. I tårnet og i somme av stolane finst materialar frå stavkyrkja, som har stått på same staden. Stavkyrkja er første gong omtala i ei inventarliste frå 1306, men kyrkja kan vera eldre. Den noverande, einskipa kyrkja er reist av lafta tømmer, med tårn over vestgavlen og eit lite våpenhus i stav framføre vestinngangen.

Eigd av Fortidsminneforeningen

Holdhus kyrkje vart nedlagd som soknekyrkje i 1890, då nyekyrkja i Hålandsdalen stod ferdig på Eide. Gamlekyrkja vart kjøpt av bonde Hans H. Holdhus i 1893, og seld vidare til Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring (Fortidsminneforeningen) i 1900. Dei eig framleis kyrkja. Restaurert 1905-06.

Retusjert Holdhusmadonna framanfrå - Klikk for stort bilete

 

Unik madonna

I Holdhus kyrkje kan du sjå ein unik steinskulptur med ei gåtefull historie. Mariafiguren på Holdhus er den einaste målte madonnaskulpturen i stein frå mellomalderen i Noreg. Skulpturen er frå 1400-talet. Det er uvisst når og korleis madonnafiguren kom til Holdhus kyrkje. Holdhus-madonnaen har nyleg vore til konservering og "oppussing" hjå NIKU - Norsk institutt for kulturminneforsking.

 



Opningstid 2016:

  • 5.-31. juli kl 11-17
  • elles omvising for grupper etter avtale
  • telefon utanom opningstid: 56 58 11 30
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.06.2016
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30