Ferdslevegen over Bergsenden

Hestedrift over Bergsenden
Hestedrift over Bergsenden
Ein leirskouleelev på veg opp den bratte stegen på ferdslevegen mellom Øvre Hålandsdalen og Strandebarm | Fotograf: Hålandsdalen leirskole
På veg opp Stegen fotograf Hålandsdalen leirskole

Den gamle ferdslevegen mellom Øvre Hålandsdalen og Strandebarm gjekk over Bergsenden. Frå gamalt av gjekk det hestedrifter her på veg til Røldalsmarknaden og vidare sal på Austlandet. Vegen vart nytta til handelsturar, postbering, konfirmasjonsførebuing, turistferdsle, yrkesærend og personlege ærend. For å koma seg opp snarvegen til fjellplatået sette telefonarbeidarar kring hundreårsskiftet 1800/1900 opp ein stige opp ein loddrett bergvegg. Dette partiet vert kalla Stegen.

Turen Nedre Bolstad-Bru (2,5 t)
Parkering: Ved Fv 123 ved Bratthus. Gå gjennom tuna på Nedre Bolstad og følg stien opp lia på austsida av Vetleelva og opp snarvegen til fjellplatået via Stegen ved Bergsenden. Alternativ: Gå rundt opp lia t.h. Oppe i Røyndalen (400 moh) kryssar du grensa til Kvam og tek innover på god sti. Ved Skardsdemma kan du ta av mot Aksete og Kråkenos. Ned mot Bru er det god skogsveg. Ta t.v. ved Skithellerhaugen ned til Strandebarm fjordhotell.     

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.09.2011
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30