Eidegrend klyngjetun

Nokre av bygningane i klyngjetunet på Eide i Hålandsdalen - Klikk for stort bilete Margun Eide syner fram ei sendingskorg i tunet sitt på Eide. - Klikk for stort bilete

 

I dette fine tunet på Eide i Hålandsdalen kan du ta steget inn i vår nære fortid og sjå korleis folk budde og levde på ein vestlandsgard på 1800-1900-talet.

Klyngjetun

Garden Eide ligg på eidet mellom Skogseidvatnet og Gjønavatnet. Han har vore delt i to bruk sidan 1600-talet. For å spara på den viktigaste ressursen, jorda, vart husa til dei to gardbrukarane bygde tett saman i eit klyngjetun. I år 1900 budde det 23 personar i tunet.

Gjestetun

I 1996 opna Margun og Knut Henrik Eide tunet for gjester etter å ha sett i stand dei gamle bygningane. Rikhaldig innbu og stor gjenstandssamling. Omvising og servering for grupper. 

Kontaktinformasjon:

  • Margun Eide - tlf. 997 16 861
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.07.2013
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30