Ådlandssetret

Stølshusa på stølen Ådlandssetret på Holmefjord | Fotograf: Einar Samnøy
Stølshusa på Ådlandssetret fotograf Einar Samnøy
Stølstauser og besøkjande et rømmekoller utandørs
Stølstausene på Ådlandssetret et rømmekoller ein søndag ca 1948

Ådlandssetret var fellesseter (støl) for gardsbruka på Ådland og Ådlandsdalen. Det var drift her til 1949, og dette var den siste mjølkesetra i Fusa som var i bruk. Stølstausene gjekk opp om kvelden og nedatt neste morgon og leverte kvelds- og morgonmjølka til meieriet.

Fottur Dale-Ådlandssetret (1,5 t - lett tur)
Parkering ved den kommunale vegen. Frå slutten av den går stien gjennom det første tunet på venstre hand, først på skogsveg før ein er inne på den gamle stølsvegen som har enkelte bratte parti.

Fottur Holmefjord-Ådlandssetret (2 t - lett tur)
Parkering ved forsamlingshuset Bygdaheimen på Holmefjord. Følg skogsvegen herifrå på bru over Rv 48 og vidare i lett skogsterreng mot nordaust til stikryss innom Kolamilstølen. For kort rundtur: Ta tilbake til Holmefjord ved postkasse. Følg ellers vegen vidare mot Va og Sævild. Ta sørover att mot Ådlandssetret før du kjem til Va. Alternativ rute heimatt: Ned til Dale. Det er mogeleg å køyra til Va på bomveg med avgift ved Sævild.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.09.2011
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30