Aktivitetstilbod i Fusa

Utandørsaktivitet

Frå naturen si side ligg alt til rette for fysisk aktivitet i Fusa - både på eiga hand og i organisert form. Ta i bruk skog og mark, fjell og strand, veg og fortau, gang- og sykkelvegar!

  • Bygdastølen ski- og turanlegg - 5 km oppkøyrde løyper, det er lys i løypene måndag-fredag kl 18-21
  • Lysløypa på Holdhus - 3 km løyper. Lysløyperenn kvar veke når det er snø. Sjå heimesida til Hålandsdal IL for oppdaterte opplysningar.
  • Rulleskibane på Holdhus (etter snøen...) - fint både til rulleski, sykkel, barnevogn, rusletur og jogging
  • Onsdagsturar med Fusa frivilligsentral - kvar onsdag kl 10 vår og haust. Følg med på heimesida og på oppslag
  • Sykling - Fusa Sykkel har fellestreningar vår, sommar og haust, oppmøte ved bussrundkøyringa i Eikelandsosen. Sjå heimesida til Fusa Sykkel
  • Sjøen ligg her heile året og innbyr til friske symjetak - eller ein padletur!

 

Innandørstrening

  • Fusa symjehall i Eikelandsosen - sjå eiga side
  • Framo Aktiv på Fusa - tlf. 56 58 16 50 - symjehall og treningsstudio. Ope ettermiddag/kveld månd.-fred. og laurd. kl 10-14. Organisert trening: Spinning, styrketrening, zumba, karate, babysymjing 
  • Ridehallen i Strandvik - sjå heimesidene til Fusa Hestesportlag
  • Søre Fusa oppvekstsenter på Baldersheim - dametrim onsdagar kl 19.45-21, gubbatrim torsdagar kl 20-21
  • Holdhus skule - gubbatrim måndagar kl 20, dametrim onsdagar kl 20
  • Fusa vidaregåande skule - seniordans v/Ragnhild Bjørke måndagar kl 15-17
  • Samfunnshuset i Eikelandsosen - oldboys-fotball torsdagar kl 20
  • Bogøytunet - spinning v/Aksel Boge tirsdagar kl. 19.30 og 20.30
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 03.12.2015
Kulturkontoret
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
E-post : post@fusa.kommune.no
Telefon
: 56 58 01 00

Opningstid
: 09.00-14.30