Aktuelt frå kommunen

Visekveld i Torsdagsakademiet

F.v. Kristoffer Foldøy, Bjørn-Tore Henriksen og Jan Erik Kolaas - Klikk for stort bileteF.v. Kristoffer Foldøy, Bjørn-Tore Henriksen og Jan Erik Kolaas

Torsdag 16. oktober vert det ein ny vri i Torsdagsakademiet. Då vert det visekveld med "Smooth operators" i Tønnekafeen på Fjord'n senter.

Skandinavisk songskatt
Smooth operators kjem frå Bergen og Osterøy og består av Kristoffer Foldøy, Bjørn-Tore Henriksen og Jan Erik Kolaas. Dei byr på skandinaviske viser og songskatten frå Noreg, Sverige og Danmark. Det vert rikeleg høve til å syngja med.

 


Tønnekafeen
Torsdagsakademiet held til vanleg til i biblioteket i Kommunetunet. Arrangementet er denne kvelden flytta til Fjord'n senter. Tønnekafeen står for serveringa og det er kyllingsuppe på menyen. Dørene opnar kl 19.00. Inngang er kr 100,-.


Skandinavisk litteratur har vore eit tema for Torsdagsakademiet i 2014 og med ein visekveld får en høve til å retta merksemda mot dei mange fine visekunstanarane ein har forstra i norden. Kvelden er open for alle interesserte.

Arrangør: Fusa folkebibliotek, støtta av Fritt Ord




 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 15.10.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30