Aktuelt frå kommunen

Vis varsemd ved opprydding etter "Nina"

Bil køyrer inn i eit område med velta tre. Foto - Klikk for stort bilete Ver varsame med å ta rotvelter - få hjelp frå fagfolk! oppmodar brannsjef Gunnar Hatlelid og landbrukskonsulent Johan Bergerud. Det vert kurs i vindfallhogst og handtering av rotvelter i næraste framtid. Vis også varsemd ved nedramla straumlinjer - hald avstand og kontakt Fusa Kraftlag, oppmodar driftsansvarleg Rolf Oen i kraftlaget.

Ekstremvêret i helga gjorde mykje skade. Over heile kommunen førte trevelt til stengde vegar og bortfall av straum. Teknisk drift og Fusa brann & redning har i samarbeid med lokale entreprenørar og bønder gjort mykje akutt ryddearbeid i løpet av helga. Vidare opprydding må takast etter kvart framover.

Kurs

Bjørnefjorden landbrukskontor og Midthordland skogeigarlag skipar til kurs i vindfallhogst og handtering av rotvelter i næraste framtid. Følg med her på heimesida og i Os og Fusaposten for nærare informasjon.

Straumforsyninga

Fusa Kraftlag jobba heile helga med å finna og retta feil på straumnettet og gjenoppretta stabil straumforsyning. Aller mest feil var det på strekningane Fusa-Ådnavik og frå Nordtveit og sørover i kommunen, opplyser Rolf Oen.

Dei fleste abonnentar hadde fått straumen attende innan klokka 15 søndag 11. januar, og i løpet av måndag hadde alle fastbuande fått straum. Nokre trafostasjonar i den sørlege delen av kommunen er framleis straumlause. Straumforsyninga til fritidsbustader i området kjem etter kvart.

Fleire stader er linjenettet ramla ned på bakken. Det er svært viktig at ein ikkje kjem i kontakt med desse linjene, då dei kan vera straumførande. Hald avstand og kontakt oss! oppmodar Rolf Oen i Fusa Kraftlag.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 13.01.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30