Aktuelt frå kommunen

Villsau i Vinnesholmen

To villsaubukkar i Vinnesholmen. - Klikk for stort bileteTo villsaubukkar i Vinnesholmen. Roger Hoel

På det offentlege friluftsområdet i Vinnesholmen er det kome to villsaubukkar, som skal hjelpa til med å halda kulturlandskapet i hevd. Bukkane er på utlån til Stiftinga Vinnesholmen.

Hugs bandtvang

Villsaubukkane er vennlege, og glade i ein tørr brødskalk, opplyser leiar i stiftinga, Roger Hoel. Dei er derimot ikkje glad i verken hundar eller sjø, og kan ikkje symja.

Ta gjerne turen ut i Vinnesholmen og hels på dyra, men hugs bandtvang!

Fusa på kryss og tvers

Besøk også gjerne dei andre offentlege friluftsområda i Fusa i vår og sommar, og nytt deg av Fusa Turlag sitt klippekort med turar på kryss og tvers i Fusa. Det gjev ei fin anledning til å utforska ukjende stader i kommunen.

Villsaubukkane nyt utsikta over fjorden frå "Dronninghaugen". - Klikk for stort bileteVillsaubukkane nyt utsikta over fjorden frå "Dronninghaugen". Roger Hoel

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 13.05.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30