Aktuelt frå kommunen

Ver bilfri når du drikk - også dagen derpå!

Lita "folkevognboble" med eit barn i førarsetet og ein stabel julepakker på taket. - Klikk for stort bilete Kvar dag føregår det heile 30 000 køyreturar i alkoholrus. Det betyr at vi møter promillekøyrarar på vegen langt oftare enn vi trur. No i desember vert vi alle saman utfordra litt ekstra, med festlege anledningar på løpande band.

Promillegrense

I Noreg er vi imot promillekøyring, og vi var først ute i verda med ei fast promillegrense. Men likevel køyrer altså mange med promille. Rus er årsak til kvar fjerde dødsulukke på norske vegar.

Det er godt kjent at alkohol reduserer evna til å køyra bil, og promillegrensa er på 0,2. Då er det best å vera heilt alkoholfri når ein skal køyra bil. Og heilt bilfri når ein skal drikka.

Dagen derpå

Dagen-derpå-promille kan vera ei utfordring for oss alle. Sjølv om du føler deg edru, kan du framleis ha promille og vera ein fare for deg sjølv og andre i trafikken. Derfor er det viktig at vi tenkjer oss om ein ekstra gong og er ekstra påpasselege no som det er så mange festlege anledningar framover.

Rusfri trafikk

Fusa er ein AV-OG-TIL-kommune. Saman med kampanjeorganisasjonen AV-OG-TIL og politiet arbeider vi for ein rusfri trafikk.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 03.12.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30