Aktuelt frå kommunen

Vellukka UKM-fest i Oseana

13 år gamle Bo Mathys frå Strandvik stilte ut to fotoarbeid. - Klikk for stort bilete13 år gamle Bo Mathys frå Strandvik stilte ut to fotoarbeid. Erik Vangsnes

Ungdommens kulturmønstring for Os og Fusa i Oseana kunst- og kultursenter vart ein stor suksess. Det var stor breidde og eit mangfaldig program (DOCX, 69 kB). Dei som gjekk vidare frå Fusa til fylkesmønstringa var Natasja Smørholm, Chi Flow, Bo Mathys og Standing Still.

Kreativ ungdom

Os og Fusa arrangerte felles UKM tredje året på rad i Oseana søndag 26. januar. Heile 22 sceneinnslag og tre kunstutstillarar mønstra på i eit stort og variert kulturprogram. UKM vart elegant leia av Andreas Lindborg. UKM syner at det er mykje kreativ ungdom i dei to kommunane. Fusa hadde med seks sceneinnslag, og tre vart plukka ut til å vera med i fylkesmønstringa i Grieghallen 5. og 6. april.

Til fylkesmønstringa

Dei som gjekk vidare er: Natasja Smørholm med sin sjølvlaga låt "In Love", Chi Flow (alias Tommy Solheim) med raplåten "Look at me now", og pop/rockebandet Standing Still med låten  "I won't give up" som dei hadde laga sjølv. Frå kunstutstillinga gjekk Bo Mathys vidare med biletet "The door to the fjord".

Øving gjev resultat

Fusa hadde også ungdommar med i arrangørstaben og i juryen. Medan juryen jobba etter sjølve hovudprogrammet fekk publikum høyra to meir meriterte artistar frå Os: Guro Aksnes og Gina Aspenes. Spelemannsprisvinnar Gina meinte det var to nøklar til framgang og suksess, og det var å ha tru på seg sjølv og å øva, øva, øva. Det var forsåvidt ei grei oppfordring til alle deltakarane, og ikkje minst med tanke på neste års UKM. 

Du kan sjå filmsnuttar frå UKM på Midtsiden.no

Bo Mathys var med på utstillinga under UKM | Fotograf: Erik Vangsnes Frida Solheim song Let it go frå storfilmen Frost | Fotograf: Erik Vangsnes Helene Riise er frontfigur i Fusa-bandet Standing Still | Fotograf: Erik Vangsnes Loud Danger med Marius Nilsen Kleppe gitar, Andreas Nilsen Kleppe bass og Endre Haugen trommer. | Fotograf: Erik Vangsnes Natasja Smørholm imponerte på UKM også i år. | Fotograf: Erik Vangsnes Standing Still er: Helene Riise på gitar og vokal, Joachim Brekke Tveit gitar, Dag Tore Markhus bass og Jonas Kvåle trommer. | Fotograf: Erikn Vangsnes The Law Breakers med Adrian Nordtveit gitar, Lars Henning Fosse gitar og song, Sander Markhus bass og Torbjørn Fosså trommer. | Fotograf: Erik Vangsnes Tommy Solheim stilte under artistnamnet Chi Flow og sto for kveldens kulaste rap. | Fotograf: Erik Vangsnes

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 28.01.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30