Aktuelt frå kommunen

Vegstenging Vinnes-Fusa og Tysse/Gaupholm

Tretunnelen på Skjørsand før vegarbeidet starta. No er han snart borte. - Klikk for stort bileteTretunnelen på Skjørsand før vegarbeidet starta. No er han snart borte. Erik Vangsnes På FV 122 mellom Vinnes og Fusa kan det verta stengt i inntil 30 min. i samband med anleggsarbeidet som pågår. På FV 48 ved Gaupholm vert det 2-timarsstenging i perioden 24. mars-30. april.

FV 122 Fusa-Vinnes

På Fusahalvøya er arbeidet med utvidinga av vegen mellom Skåte på Vinnes og Skjørsand på Fusa i gang. Så langt har det vore trefelling og rydding, og no har entreprenøren Vestafjell AS òg starta med sprengingsarbeid.

Stengetider:

Vegen kan bli stengt i inntil 30 minuttar om gongen, opplyser anleggsleiar Rune Bruvik. Seinare på våren kan det verta aktuelt med 2-timarsstenging også her.

  • Dagar: I utgangspunktet måndag-fredag, men det kan òg verta noko laurdagsarbeid. 
  • Tidspunkt: kl 07.00-17.00, enkelte periodar til kl 20.00. Om morgonen tek dei det litt roleg fram til kl 08.00 for at jobbtrafikken skal gå greit.
  • Det vert teke omsyn til buss i rute og utrykkingskøyretøy.

FV 48 Tunnel bak Tysse

Grunna sprenging av høge fjellskjeringar vert vegen stengt i opptil 2 timar ved Gaupholm i perioden 24. mars til 30. april 2014, opplyser Statens vegvesen.

Stengetider:

  • Måndag-onsdag kl. 09.00-11.00, 13.00-14.30, 17.00-18.30 og 19.00-21.00.
  • Torsdag kl. 09.00-11.00 og 13.00-14.30.
  • Fredag - søndag inga stenging.

Det vert sett opp infotavler for å informera trafikantane i Eikelandsosen ved kryss FV 48-FV 552, og ved Nesodden kryss FV 136-FV 7. Det vil vera vakter på desse stadene som informerer trafikantane, m. a. om omkøyringsruter.

Vegvesenet opplyser elles at dersom utrykkingskøyretøy må passera i stengingsperioden, kan entreprenøren opna vegen på kort tid. 

Tidlegare varsla stenging av vegen i inntil 30 minutt gjeld ikkje så lenge 2-timarsstenginga varer.

Vegarbeid ved Gaupholm - Klikk for stort bileteVegarbeid ved Gaupholm Statens vegvesen

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 20.03.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30