Aktuelt frå kommunen

Tid for ny betaling av kommunale avgifter

Slamtømming - Klikk for stort bileteSlamtømming septik24.no Faktura for kommunale avgifter for andre termin 2014 er på veg i posten. Denne gongen gjeld det abonnementsavgift for vatn og avlaup, gebyr for slamtømming, feiing og branntilsyn. Sjå gebyrregulativet (PDF, 2 MB) for detaljert informasjon.

Kommunale avgifter vert fakturerte to gonger i året. 1. termin hadde i år forfall 04.06. Fakturaer for dei kommunale avgiftene for andre termin er no sende ut og kan ventast i posten med det første. Forfallsdatoen er 25.09.14.

Terminar og forfall

  • Vatn og avløp: Forbruksgebyr for vatn og avlaup for alle abonnentane forfall i år til betaling 4. juni. Abonnementsgebyr forfell til betaling 25. september.
  • Slamtømming: Gebyr forfall til betaling med ein ¼-part 4. juni og ¼-part 25. september for dei eigedommane som får utført tømming annakvart år. For dei eigedommane som får utført tømming kvart fjerde år, vart det fakturert ¼-part med forfall 4. juni i år.
  • Feiing og branntilsyn: Feiing vert normalt utført kvart 2. år (ekstrabetaling for dei som må ha feiing oftare). Tilsyn vert utført kvart 4. år. Gebyret forfell til betaling 25. september kvart år.

 
Meir informasjon om betalingssatsar for 2014 finn du i gebyrregulativet (PDF, 2 MB).

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 08.09.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30