Aktuelt frå kommunen

Tid for julekonsertar

Aspirantar frå Eikelandsosen skulemusikklag - Klikk for stort bilete

Advent er høgsesong for julekonsertar. Sundag kveld er det konsert i kyrkjene både i Strandvik og i Hålandsdalen med lokale kor og musikklag. Siste laurdagen før jul er det konsert i Sundvor kyrkje.

Strandvik kyrkje
I Strandvik inviterer Strandvik blandakor til konsert i kyrkja kl 19.00. I programmet har blandakoret har med seg mannskoret Credo og Kammerkoret Takt og Tone, i tillegg til Holmefjord musikklag. Tradisjonen tru vert det også allsong med kjende og kjære julesongar og ei kort andakt ved Herleiv Rolfsnes.

Hålandsdal kyrkje
I Hålandsdal kyrkje på Eide er det konsert same kveld kl 19.00. Her held Hålandsdal musikklag i trådane. Det vert song ved damekoret Kortpusten og Shofa songtrio. Publikum får også høyra Maria Lister Midtrød som songsolist med akkompagnement. Andakten her vert ved Norunn Rød Markhus og publikum får rikeleg høve til å syngja med i allsong.

Sundvor kyrkje
Siste helga før jul, laurdag 21. desember, er det konsert i Sundvor kyrkje kl 17.00 med m.a. Eikelandsfjorden musikklag, Eikelandsosen skulemusikklag, Idar Rolland og hardingfeletrio med Anna Skaathun Epland og søstrene Elen og Marte Ekeberg Klippen.
 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 10.12.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30