Aktuelt frå kommunen

Tid for å søkja plass i barnehage, SFO og kulturskule

Første pianotime: Kulturskulelærar Eleonora Malnik Larsen og pianoelev Kristina på Strandvik oppvekstsenter. - Klikk for stort bilete 1. mars er felles søknadsfrist for plass i barnehage, skulefritidsordning og kulturskule i Fusa kommune hausten 2015/våren 2016. Du finn elektroniske søknadsskjema til dei ulike tilboda her på heimesida.

Barnehage

Hovudopptaket gjeld både dei kommunale barnehagane og den private barnehagen på Vinnes. Meir informasjon om barnehagane finn du på sida om barnehagetilbodet i Fusa kommune.

Ver merksam på at det berre er eitt opptak til barnehagane for barnehageåret 2015-2016, som følgje av innsparingane i barnehagesektoren vedtekne av kommunestyret 17.12.2013.

SFO

Det kjem til å vera skulefritidsordningar ved alle barneskulane i kommunen, dersom det er nok søkjarar. Tilbodet gjeld elevar frå 1.-4. klasse. Meir informasjon om SFO-tilbodet finn du på sida om skulefritidsordningane i Fusa.

Fusa kulturskule

Også kulturskulen har hovudopptak til skuleåret 2015-2016 med søknadsfrist 1. mars. Kulturskulen gjev opplæring individuelt og i små grupper på ulike musikkinstrument, i musikkteknologi og "Musikk i livets begynnelse". Undervisninga er desentralisert til skulebygg rundt om i kommunen. Kulturskulen tilbyr òg sal av tenester. Meir informasjon finn du på sida til Fusa kulturskule.

Elektronisk søknad

All søknad skal skje elektronisk. Søknadsskjema til dei ulike tilboda finn du her på heimesida - sjå snarvegane nedanfor.

Ta kontakt med aktuell barnehage/SFO eller Fusa kulturskule om du treng hjelp og rettleiing til å fylla ut søknadsskjemaet eller har andre spørsmål!

Søknadsskjema:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 11.02.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30