Aktuelt frå kommunen

Temamøte om arealplanen

Innleiarar på temamøtet - Klikk for stort bileteInnleiarar på temamøtet Terje Raunsgard Tysdag 25. mars var det temamøte på Tønnegarden om arealplanen som er under rullering. Lokalpolitikarar og representantar frå fylkeskommunen og Fylkesmannen deltok for å få og gi informasjon om status for arbeidet så langt og koma med innspel til den vidare planprosessen.

Målet

Møtet starta med innleiing frå ordførar Hans S. Vindenes. Han understreka at målsetjinga med rulleringa er å få ein god arealplan og fleire fusingar! Han påpeika òg at det er viktig å vera tru mot planprogrammet og ikkje ta nokon omkampar på det som er vedteke, dersom vi skal koma i mål.

Rådmann orienterte om arbeidet med overordna risiko og sårbarheitsanalyse for heile Fusa kommune – KommuneROS Fusa 2014 – som no er i gang.

Interkommunal strandsoneplan

Prosjektleiar for interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland og Fusa, Tore Bjelland, orienterte om status i det planarbeidet, og om utgangspunkt og forventningar til prosjektet som skal vera ferdig samstundes med vår eigen arealplan i 2015. Strandsoneplanen og arealplan for Fusa er parallelle prosessar, og det er viktig at prosjekta er samkøyrde  når innspela i strandsona skal handsamast. Målet er å vedta planane samla.

270 innspel til arealplanen

Etter lunsj orienterte arealplanleggjar Helle H. Bruland om innkomne innspel til arealplanen. Det er kome inn omlag 270 innspel over heile kommunen. Mange privatpersonar, ein del bedrifter og alle bygdeutvala har engasjert seg. Det er stor interesse for bustadområde, nærings- og industriareal, fritidsbygg, naust, båthamner og sikring av friområde ved sjø over heile kommunen.

Om lag  90 innspel rører ved forslag til funksjonell strandsone, som vart utarbeidd av Asplan Viak hausten 2013, som ledd i interkommunal strandsoneplan. Kor mange innspel som ligg i strandsona utanfor funksjonell strandsone, er ikkje talfesta enno.

Vegen vidare

Innspela vert no handsama i administrasjonen, jamfør planprogram for arealdelen (PDF, 813 kB) og dei retningslinjer og føringar (PDF, 529 kB) som er lagt for kvart tema. Neste punkt på lista er handsaming av innspela i Utval for plan og miljø (UPM), før ein konsekvensutgreier dei aktuelle innspela og startar med teikning av  kartet.

Innspel frå Hordaland fylkeskommune

Denne orienteringa var etterfølgt av innspel frå fylkeskommunen. Dei påpeikar at vi har ein god prosess med arealplanarbeidet, og eit godt grunnlag i samfunnsdelen som vert følgt opp i planprogram for arealdelen. Seniorrådgjevar frå fylkeskommunen Eva Kathrine Taule orienterte også om Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger, som òg skal vedtakast i 2015.

Fusa sin kommunekontakt hos Fylkeskommunen, Signe Vinje, orienterte om korleis dei kan bistå oss i arbeidet med ulike planar, og påpeika at det er viktig med dialog.

Fylkesmannen si rolle

Prosjektleiar Egil Hauge frå Fylkesmannen i Hordaland orienterte om kva rolle dei har inn mot kommuneplanarbeidet. Seniorrådgjevar Tord Bakke påpeika at det er viktig å konsekvensutgreia nok innspel – men ikkje for mange, slik at det vert for omfattande å koma i mål.

Politikarønske

Avslutningsvis vart det diskusjon og innspel frå kommunestyrerepresentantane. Dei ønskjer å få til ein god plan som imøtekjem behov og  ønske i dei ulike delane av kommunen. Dei påpeika òg at det er viktig å få innsikt i alle innspel.

Møtet vart avslutta med ei oppsummering frå leiar i utval for plan og miljø, Anne Martinsen. Ho påpeika hovudmålet i samfunnsdelen: me skal verta fleire fusingar! Gode og attraktive bustadområde med nærleik til sjø er viktig for å nå dette målet, og det kan vi få til gjennom gode og gjennomtenkte planar.

Innkomne innspel til arealdelen (førebelse tal):

  • Senterstruktur og tettstadutvikling: 6
  • Bustadområde og enkelttomter: 79
  • Areal til friluftsliv, vern og kulturminne:  28
  • Infrastruktur og transport: 7
  • Nærings- og industriareal: 37
  • Akvakultur: 12
  • Landbruk: 9
  • Naust: 34
  • Båthamn, molo og bryggjer: 15

Biletet frå kommunestyret sitt møte med representantar frå Fylkesmannen i Hordaland (FMHO) og Hordaland fylkeskommune (HFK) viser f.v. Grete Jacobsen (FMHO), arealplanleggjar Helle H. Bruland (Fusa), Egil Hauge (FMHO), Signe Vinje (HFK), ordførar Hans S. Vindenes, Tord Bakke (FMHO), Eva Kathrine Thaule (HFK) og Anne Martinsen (leiar UPM) utanfor Tønnegarden economuseum. 

Publisert av Heimesidegruppa. Sist endra 26.03.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30