Aktuelt frå kommunen

Sym til Rhodos

Logo for symjekampanje - Klikk for stort bilete

Du kan no ta del i symjekampanjen "Sym til Rhodos" i din lokale symjehall. Du får registreringskort i symjehallen og har heile perioden fram til 31. mars til å nå målet. Tilbodet er gratis og deltakarane er med i trekninga av flotte premiar.

Sym langt
Folkehelse og inaktivitet er aktuelle utfordringer i samfunnet. Lavterskelkampa jen ”sym langt” har som mål å aktivisera folk flest. Kampanjen er ein av dei største i Noreg og stimulerer til regelmessig fysisk aktivitet i vel 240 symjehaller over heile Noreg. I Fusa er både Fusa symjehall i Eikelandsosen og Framo aktiv med i kampanjen.

Om kampanjen
Målet med kampanjen er å synliggjera symjing som ein god trenings- og mosjonsaktivitet. Hovudmålet er å få flest mogeleg vaksne til å symja 10.000 meter og barn (13 år og yngre) til å symja 2500 meter eller meir, i løpet av kampanjeperioden. Symjing er ein sunn mosjonsaktivitet som ein ønskjer å styrka.

Størst i landet
"Sym langt" kampanjen har gått i 17 år og har godt over 240 svømmehaller med totalt omlag 25 000 deltakarar, og har dermed stabilisert seg på toppen som den største mosjonskampanjen i landet.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 28.01.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30