Aktuelt frå kommunen

Store utfordringar med straumforsyninga

Mange velta grantre, øydelagt autovern, smal veg og varselskilt. Foto. - Klikk for stort bilete

Ekstremvêret Nina har ført til store problem for straumforsyninga i Fusa. Fusa Kraftlag har jobba på spreng under krevjande forhold i heile dag, men hadde kl 22 laurdag kveld enno ikkje fått retta opp alle feila. Følg med på heimesida deira.

Klokka 22 melde Fusa Kraftlag at slik situasjonen er no i kveld, vil abonnentar som framleis er utan straum, måtta vera budde på at det enno kan gå mange timar før ein har fått gjenoppretta stabil straumforsyning i heile Fusa.

Tidlegare laurdag kveld (kl 19.30) melde Kraftlaget følgjande på sine nettsider:

"Til våre abonnenter i Fusa!
 
Ekstremværet Nina skaper store problemer for stabil strømforsyning også i Fusa. Vi har alt disponibelt mannskap ute, men det er en meget krevende situasjon både når det gjelder å lokalisere feil og foreta nødvendig feilretting.
Vi har for øyeblikket (kl 1930) størst problemer i området Fusa-Strandvik, Søre luten og deler av Holmefjord. Vi prioriterer å rette feil i høyspentnettet først da dette gir størst effekt for å gjenopprette strømforsyningen til flest mulig. Vi må også ta hensyn til montørerne sin sikkerhet. Feil i lavspentnettet kan ta tid å rette opp."
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 13.01.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30