Aktuelt frå kommunen

Starta eiga bedrift?

Gry Sæterdal (t.v.) og Sidsel Humberset frå Etablerarsenteret - Klikk for stort bileteGry Sæterdal (t.v.) og Sidsel Humberset frå Etablerarsenteret BRB

Business Region Bergen, der Fusa kommune er med, tilbyr etablerarkurs. Det første Kompetanseprogrammet for deg som ønskjer å etablera ny bedrift, startar 3. februar. Programmet er skreddarsydd for deg, eller for deg som er i startfasen.  

Tre enkeltståande kurs

"Kompetanseprogrammet er sett saman av tre enkeltståande kurs og gir eit godt fundament for deg og di verksemd. Det fungerer også godt for deg som treng nødvendig påfyll om du alt har starta opp eiga verksemd, seier leiar for Business Region Bergen sitt Etablerersenter," Gry Sæterdal.

Kompetanseprogrammet er sett saman av desse tre kursa:

  • 1-2-3 Etablering
  • Etablerarkurs
  • Økonomikurs

Deltek du på kompetanseprogrammet møter du også andre etablerarar. Dette er ein unik arena for nettverksbygging med andre som også er i startfasen.

Låg deltakaravgift

Kursa er delfinansiert av Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune og har difor ei deltakaravgift på berre 1 300 kroner for heile programmet.

Når du har deltatt på kurs hjå Etablerarsenteret, har du moglegheit til å få personleg rettleiing i etterkant.

"Har du ikkje høve til å delta på Kompetanseprogrammet som startar 3. februar, har vi fleire tilbod utover våren. Neste Kompetanseprogram startar 14. april. Du finn meir informasjon om alle kursa og våre andre tilbod på BRB sine nettsider," fortel Sæterdal.

Etablerarsenteret

Etablerarsenteret er ein viktig del av Business Region Bergen sitt tilbod til innbyggjarane i heile Bergensregionen. Kursa vert stort sett halde i Bergen, men etablerarrådgivarane Gry Sæterdal og Sidsel Humberset held også kurs i dei andre kommunane i regionen.

For meir informasjon, ta kontakt med:

 Frå etablerarkurs hjå BRB - Klikk for stort bilete BRB

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 29.01.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30