Aktuelt frå kommunen

Staalesen i Torsdagsakademiet

Gunnar Staalesen ved førre gjesting i 2010. - Klikk for stort bilete Torsdag 22. januar kl 19.00 er Gunnar Staalesen gjest i Torsdagsakademiet i Fusa. Bergensforfattaren er kanskje mest kjend for kriminalbøkene sine med privatetterforskar Varg Veum. Den siste og 17. boka om Veum, ”Ingen er så trygg i fare”, kom hausten 2014. Her er deler av handlinga lagt til Fusa!

Romanforfattar
Staalesen har også skrive skjønnlitterære romanar både for vaksne og for ungdom. Ved årtusenskiftet kom det ei monumental slektskrønike i tre band: 1900-1950-1999. Han har også jobba mykje med teater og var lenge tilsett ved Den nationale scene i Bergen. Her hadde han m.a. ansvar for ei bearbeiding av Hellemyrsfolket for teaterscenen som vart ein stor suksess.

Krim ut til dei mange
Likevel er det som kriminalforfattar han er mest kjend og bøkene om Varg Veum er blitt både spelefilm for kino og fjernsynsserie. Bøkene er omsett til ei rekkje språk.

Bokbad
På denne første kvelden i Torsdagsakademiet i 2015 får du høyra Gunnar Staalesen lesa frå eigne bøker og i samtale ein annan kriminalbokforfattar; Fredrik Schmidt Fotland. Det blir også høve for publikum å stilla spørsmål.

Det blir enkel servering. Inngang kr 100,-. Arrangør er Fusa folkebibliotek. Programmet er støtta av Fritt ord.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 21.01.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30