Aktuelt frå kommunen

Søk midlar frå Regionalt næringsfond 2014

Bolaks sitt oppdrettsanlegg på Mjånes - Klikk for stort bilete Jørgen Fagerthun Hordaland fylkeskommune har tildelt Bjørnefjorden Næringsutvikling midlar til regionalt næringsfond for Fusa, Os og Samnanger. Målet er å få til regional utvikling. Søknadsfristen for tilskot er utsett til 10. januar 2015. 

Bjørnefjorden Næringsutvikling har fått tildelt inntil kr 236 000. Tiltak som kan vera med på å utvikla regionen vår, vert prioriterte. Midlane kan ikkje nyttast til ordinær drift.

 

Kven kan søkja tilskot?

  • kommunane i regionen
  • regionale/interkommunale organ
  • bedrifter
  • lag og organisasjonar

Sjå elles:

Korleis søkja?

Søknaden skal sendast digitalt via Regionalforvaltning sine nettsider. Dersom du har organisasjonsnummer, skal du registrera deg som organisasjon. Dersom ikkje, skal du registrera deg som privat.

Søknadsfrist: 10.01.2015.

Søknadsskjema

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Fusa utviklingsselskap tlf 56 58 18 90 eller rådmann Tone Ramsli i Samnanger kommune tlf 56 58 74 00.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.12.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30